Omtale fra forlaget
Herberto Hélder (1930–2015) blir, ved sida av Pessoa, rekna som den viktigaste poeten frå Portugal. Hélder arbeidde med å krysse element frå ulike kulturar inn i sin eigen poetikk, og mange les dikta hans som eit nett av stemmer som kommuniserer over store avstandar i tid og rom. Han vart rekna som eit av dei viktigaste litterære namna i samtida. Trass i strålande mottakingar trekte Hélder seg tilbake frå rampelyset, nekta intervju, prisar og deltaking i litterære hendingar. Han dediserte seg utelukkande til poesien. Hélder vart tildelt fleire prisar, som Pessoa-prisen i 1999 – som han takka nei til.Tove Bakke har gjort eit utval av Hélders viktigaste dikt, frå den banebrytande, folkekjære debuten O Amor em visita (Kjærleiken på besøk) i 1958, til hans siste posthume verk Poemas canhotos i 2015.
Forlag Solum Bokvennen
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788256030026
EAN 9788256030026
Serie Poema
Språk Nynorsk
Sider 76
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket