Omtale fra forlaget
Eit gamalt, fråflytt hus, i stilla mellom glitrande snøskavlar. Her faldar handlinga i dikta seg ut, mellom eit mannleg eg og eit kvinneleg du. Dei finn nøkkelen under matta og låser opp, måkar snø frå gardsplassen, gjer seg klare til å bu saman i nett dette huset, nett denne vinteren. Dikta i Kverv er klåre og reine, prega av ein stor kjærleik til menneske og natur, ei undring over og beundring av det som omgjev oss.
Forlag Flamme
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788282882828
EAN 9788282882828
Serie F° (354)
Språk Nynorsk
Sider 25
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketNye skor kan gje føtene gnagsår.
Det tyder ikkje naudsynlegvis
at dei var eit dårleg kjøp.
Gjer det vondt etter fyrste vandringa,
gje deg ut på ei andre.
Kjem du heim att med nye smerter,
legg i veg ein tridje gong.
Skorne formar seg etter føtene.
Føtene gjev etter for skorne.
Tærne bøyer seg,
skolane tøyer seg,
huda på hælane hardnar.
Tilhøvet mjuknar og blir jambyrdig –
Blir ei enkel, heilstøypt sanning
på veg ut i verda.
I mars månad kjem dei
til det frosne jordet attom huset vårt –
ein flokk mørke ryggar
med lyse bukar.
Dei skal vidare nordover,
men dryger lenge nok
til å minne meg på at det eg kallar heime
berre er ein rasteplass.