Omtale fra forlaget
Siste tiåret har det oppstått mange kunstnardrivne visningsstadar i Noreg. Dei er blitt anerkjende som viktige og vitale årestadar for visning og produksjon av ny kunst. Men kva inneber det å vera kunstnardrive eller sjølvorganisert? Kva skil dei frå meir etablerte institusjonar og kommersielle galleri? Er dei å rekna som eit alternativ eller eit supplement?
I 2010 oppretta Kulturrådet ei prøveordning med driftsstøtte til fem utvalde visningsstadar. I denne boka blir verknaden av ordninga diskutert gjennom ei grundig skildring av dei aktuelle visningsstadane: Kurant og Small Projects i Tromsø, Entrée i Bergen og Dortmund Bodega og 1857 i Oslo. Boka kan lesast både som eit bidrag til norsk samtidskunsthistorie og som ei vurdering av driftsstøtta si betydning.
Jorunn Veiteberg (f. 1955) er dr.philos. i kunsthistorie frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med samtidskunst både som utstillingsleiar, redaktør og som frilans skribent og kurator. Veiteberg har vore professor II ved Kunsthøgskolen i Oslo og Kunst- og designhøgskolen i Bergen, og sidan 2013 har ho vore gjesteprofessor ved HDK Göteborgs Universitet. Frå 2008 til 2012 leia ho forskingsprosjektet «Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk». Ho har vore leiar av forskings- og utviklingsutvalet i Norsk kulturråd sidan 2014, og medlem av Norsk kulturråd sidan 2016. Veiteberg har skrive ei rekkje bøker og artiklar om bildeanalyse, videokunst, massekultur, kunsthistoriske emne og om dagens kunsthandverk. Av nyare relevante publikasjonar kan nemnast: « Å lage bilder om seg sjølv . Om kjønn og kjensler i Sidsel Paaske sin kunst», i Like før Sidsel Paaske (1937 1980), og «The art of appropriation», i Contemporary Clay and Museum Culture, red. Christie Brown, Julian Stair og Clare Twomey, begge i 2016.
Forlag Norsk kulturråd
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788270811823
EAN 9788270811823
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 195
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket