Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka handlar om ord og uttrykk for kroppsdelar, samt ord som har ein nær eller ein fjern relevans til kropp. Orda er sorterte etter kroppsdelane, og forfattaren startar med hovudet og går gradvis nedover. Boka inneheld flest norske eksempel, men óg enkelte uttrykk frå andre land.
Omtale fra forlaget
Noregs første ordbok som lydbok - med innlagte leddlydar!
Liker du kvinner, elskar du kanskje melonar, men ikkje appelsinhud. Og er du glad i menn, bør du vite at tilhengarfestet ikkje bare er noko ein har bak på bilen.
Det noe ukonvensjonelle oppslagsverket Kroppsspråk handlar om ord og uttrykk med opphav i eller tilknyting til kroppen - på norsk og ei rekkje andre språk. Anten du har grorudpalme eller englebæsj, navlelo eller sixpack, sørgerender eller tåfis - her vil du garantert finne nye perspektiv på kroppen din.
Komikeren Per Inge Torkelsen gir lytteren ein lattervekkande gjennomgang av ord frå topp til tå, frå innvortes til utvortes.
Lydboka blir akkompagnert av lydar frå menneskekroppens ledd, tatt opp av kunstneren Jørgen Larsson.
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2008
Format Lydfil
ISBN13 9788202296728
EAN 9788202296728
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
43 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket