Omtale fra forlaget
Forfattaren skriv korte lesestykke til bruk i tida frå 1.desember til 13. dag jul, som er 6. januar. Slik får han med seg heile julehøgtida. I Kristusfigurasjonar trer Kristus fram for oss med ulike og kan hende overraskande andlet. Forfattaren fabulerer ut fra tekstane i kyrkjeåret rundt det Bibelen fortel og det han ikkje fortel, om Jesus. Stykka fortel om korleis forfattaren opplever det religiøse, høgtidssame og stemningfulle preget som denne årstida har.
Teksten er personleg og nær, og meditasjonane er skrivne i eit skjønnlitterært språk.
Forlag Verbum
Utgivelsesår 2003
Format Innbundet
ISBN13 9788254309483
EAN 9788254309483
Språk Nynorsk
Sider 185
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Hoem skriv om forholdet sitt til Jesus. Boka er personleg og nær og i skjønnlitterær stil. Eit kort lesestykke for kvar dag i advent fram til 13. dag jul. Ulike sider ved Kristus kjem til syne for oss. Forfattaren fabulerer kring tekstane i kyrkjeåret, mellom anna møter vi dei tre vise menn, mor og far til Jesus, Judas og elles mange av læresveinane, døyparen Johannes og ein gamal mann som sit i hytta si og skriv ned historiane på pergament og gøymer dei i ei nærliggande hole. Ikkje minst fortel Hoem om tider i sitt eige liv der Jesus var eller i ettertid er blitt viktig for han.
Kristusfigurasjonar er vakker, lettlesen og interessant. Boka har berre 3 terningkast her inne, så derfor vil eg gjere merksam på ho.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket