Omtale fra forlaget
Kristian Hus - rosendeling, husnesing, typograf, journalist, disponent, radiostemme, ankermann, skribent, friidrettsutøvar. Ein som har runda 80 år og sett Kvinnherad veksa, bygt opp ei lokalavis, vore med å oppfostra to barn, budd på Svalbard, laga lokalradio og -fjernsyn, vore soldat i Midt-Austen, gjeve ut bøker og reist mykje. Han som stoppar og seier hei. Han som kjenner alle.
I denne boka kan du lesa om Kristian sin barndom, oppvekst og ungdomstid, frå leik i Skålafjæro til læretida i Haugesund. Vidare fortel han om militærtenesta, jobben i Grenda og etablering av trykkeriverksemd og seinare avis på Husnes. Han er innom Svalbard og nærradio i Sunnhordland før han utforskar andre medium og engasjerer seg i eldrepolitikken i Kvinnherad.
Kristian ser tilbake og reflekterer over det han har vore gjennom, både motbør og siger. Men boka omhandlar også små og større hendingar i lokalmiljøet elles, ting som har forma samfunnet opp gjennom åra. Raset i Mauranger, ubåtjakta i sunnhordlandsbassenget, striden om Folgefonntunnelen og Halsnøysambandet er blant sakene som Kristian gjer seg nokre tankar om.
Slik bind han sitt eige liv til omveltningane i kommunen, og gjennom rikt illustrerte sider gjev han lesaren skimt frå livet og lokalmiljøet gjennom 80 år.
«Den tidlegare fridrettsmannen Kristian har runda dei åtti, men er han i mål? Neppe. Han har alltid vore undervegs. Stadig nye idear og nye mål å nå.»
Sjur Tjelmeland
«Kristian var som ein hjelpande skygge der når eg trengte hjelp.»
Magne Medhus
«Mediamannen Kristian er ikkje berre interessert i det som skjer,
han er òg svært oppteken av folk.»
Thor Inge Døssland
Forlag Skimtvis
Utgivelsesår 2020
Format Innbundet
ISBN13 9788269171013
EAN 9788269171013
Omtalt sted Kvinnherad
Omtalt person Kristian Hus
Språk Nynorsk
Sider 191
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket