Krabben Klara og konkylien

av (forfatter) og Heidi Kahrs Damm (illustratør).

Tegn forlag 2019 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Krabben Klara og konkylien er ei bok for born med tema plastforureining i havet.
Krabben Klara og venen hennar, seien, lever i eit undersjøisk kongerike på botn av havet. Ein dag er venen hennar forsvunnen. Brått byrjar det å henda mystiske ting som gjer at Klara vert lokka langt bort frå huset sitt og ut i det ukjende. Kven er det som syng den magiske songen? Kor kjem dei underlege spøkelsesfiskane frå? Vil ho rekka å utføra det vanskelege og farefulle oppdraget som ho etter kvart vert sendt ut på?
Hildegunn Bjelland har sidan 2017 vore medforfattar i fleire antologiar. Dette er hennar debut med eiga bok.
Boka er skreven av Hildegunn Bjelland. Boka er illustrert av Heidi Kahrs Damm.

Bokdetaljer

Forlag Tegn forlag

Utgivelsesår 2019

Format Innbundet

ISBN13 9788283910285

EAN 9788283910285

Språk Nynorsk

Sider 120

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Krabben Klara og konkylien er ei bok for born i alderen seks til ti år, med fokus på plastforureining i havet. Seien er bestevenen til Klara og dei har ein fast plass dei plar møtast for å leike i lag, men ein dag er ikkje Seien der. Klara blir redd og går ut for å leite etter han. Til slutt finn ho han, men han er blitt sjuk. Han har så fryktelig vondt i magen sin utan at nokon av dei kan skjøna kvifor. I tillegg er havet i endring og mystiske ting skjer. Gjennom ei spanande reise føl me den snille krabben Klara ut på ei reise i ukjent terreng. Ho er redd for det ukjente og nye, men ho vil så gjerne at venen hennar skal bli frisk att, og ho vil gjere alt ho kan for å bevare havet slik ho kjenner det.
Temaet i Krabben Klara og konkylien er veldig aktuelt og gjennom augo til Klara er det tilpassa dei unge på ein flott måte. Eg vil gratulere Hildegunn Bjelland med ein flott debut som barnebokforfattar og eg gler meg til det kjem meir frå denne kanten.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket