Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Korn er synonymt med sivilisasjon. Ei spennande historie starta då villkornet tok spranget inn i åkeren. Korn står bak utviklinga av skriftspråk og religion, astronomi og matematikk. Korn var dei første pengane, og korn la grunnlaget for byar, klassedeling og statar. Kornforsyning har alltid vore eit grunnspørsmål i norsk historie og politikk. Dette er ei bok om korn, om gener og om naturen som vart historie. Har litteraturliste og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
"Kornet til ein lyrikar. KORN - frå steinalder til genalder, er ei rikt illustrert bok. Forfattaren som har sådd er Åsmund Bjørnstad. Han er professor i planteforedling ved Universitetet for Miljø- og Biovitskap på Ås. Han har arbeidd med kornforsking i Norge og Etiopia. Innimellom har han skrive to diktsamlingar og fleire gjendiktingar. Kombinasjonen av korn og ord fell heldig ut i Bjørnstad sitt høve. Han evnar både å sjå ned i jorda og opp i himmelen, for å seie det slik. Han gjev oss utviklinga av kornet sin historie. "Korn er liv, mat og myte", kan vi lese, men og årsak til krig, katastrofe og plyndirng. Fakta om mutasjonar og kornsortar går hand i hand med informasjon som er litt lødigare i kantane."
"Åsmund Bjørnstad har laga ei bok det er lett å bli begeistra over. Ein blir tilført mykje kunnskap på ein slik måte at han ikkje blir tungt fordøyeleg. Illustrasjonane er stort sett gode og nokre gongar særs interessante. Eg for min del har aldri sett foto av området kring slottet som kornåker under siste krig." (Varden 19.11.05).
Forlag Landbruksforl.
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788252928808
EAN 9788252928808
Språk Nynorsk
Sider 119
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket