Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka tar for seg Matias Orheims bidrag til vestnorsk kultur og kristenliv. I første del presenteras dei kulturelle spenningane som verka inn på hans ungdomstid, samt ein presentasjon av mannen og det han skreiv. I siste delen drøftas kjenneteikna ved synet på kristenlivet som ein kan finne i skriftene hans.
Omtale fra forlaget
Matias Orheim, hans bidrag til vestnorsk kultur og kristenliv "Det var ei slags høgtid berre å sjå han...Han tala som ingen annan vi hadde høyrt...Orda steig og fall i mjuke rytmiske klangar...Sanneleg song han ikkje også. Det var så visst ingen dommedags-skremsler på bedehuset den kvelden, berre lyse, lovande ord: Kor mykje stort, kor mykje gildt, Kor mykje herlegdom...." Slik skildrar lyrikaren Åse Marie Nesse sitt første møte med Matias Orheim. Det var framfor alt som salmediktar at han fann vegen til hjarta på ein heil generasjon. Og i eit langt liv reiste han rundt i landet og formidla det han stod for, trass i at han i ung alder fekk ein augesjukdom som gjorde han blind. Han stod fram som diktar i ei tid som var prega av kulturell, kyrkjeleg og politisk spenning, og han gjekk aldri av vegen for ein kamp for visjonane sine. Han var med på å kristne både nynorsken og fela for bedehusfolket, og vart ei viktig kjelde til forståing av det særmerkte i vestnorsk kultur. Det er Orheim sine røter i vestnorsk kultur i tida omkring førre hundreårsskifte som er hovudsaka i denne boka. Forfattaren ønskjer å vise korleis Orheim prega denne kulturen med ein bodskap med mange fasettar som til saman utgjorde ein særeigen spiritualitet. Forfattar: Birger Løvlie (f. 1946) er teol. dr. og førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda. Kyrkjefag Profil Er ein skriftserie frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag ved Høgskulen i Volda.
Forlag Tapir akademisk forlag
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788251922548
EAN 9788251922548
Serie Kyrkjefag profil
Omtalt person Matias Orheim
Språk Nynorsk
Sider 156
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket