Omtale fra forlaget
Emnet for boka er rettslege yteplikter i formueretten. Viktigast er yteplikter som kviler på kontrakt, men yteplikter på andre grunnlag er òg omtala. Boka har med reglane om inngåing, innhald og oppfylling av kontraktar og dessutan allmenne tema som renter, personskifte og forelding. Framstillinga dekkjer dermed område som gjerne blir omtala som avtalerett, kontraktsrett, obligasjonsrett og pengekravsrett. Forfattaren legg hovudvekta på oversyn, omsyn og utsyn: Framstillinga gjev oversyn over reglane, set dei inn i ein vidare samanheng og viser kva omsyn reglane byggjer på. Utsyn til andre lands rett lettar forståinga av dei norske reglane og er dessutan praktisk nyttig når rettsforhold over landegrenser blir meir vanlege. Saman med forfattarens bok Allmenn formuerett dekkjer framstillinga dei viktigaste delane av formueretten.
Forlag Cappelen Damm akademisk
Utgivelsesår 2017
Format Heftet
ISBN13 9788202558086
EAN 9788202558086
Språk Nynorsk
Sider 706
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket