Kontakt

norsk for yrkesfag vg2

av (forfatter) og Siv Sørås Valand (forfatter).

Cappelen Damm 2021 Slide bound

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Med læreverket Kontakt i norsk yrkesfag vg2 vil elevane oppleve norskfaget som relevant for den yrkesretninga dei har valt, og at norskfaget har ein praktisk verdi for dei. Kontakt (2021) dekker alle læreplanmåla til fagfornyinga (LK20). Kontakt tek yrkesretting på alvor I fagfornyinga skal elevane lære å meistre ulike sjangrar dei vil møte i yrkeslivet. I Kontakt får elevane verktøya dei treng for å kunne lese og skrive tekstar som er relevante for yrket dei utdannar seg til. I skriftlege og munnlege sjangrar er det viktig å kunne uttrykke seg klart og tydeleg slik at mottakar forstår og blir interessert. Det er ikkje berre ortografi, men også god samanheng, korrekt fagspråk og formell stil som er viktig. Bruk av video og bilde, lyttekompetanse og å forstå mottakaren er andre kompetansar. Elevane skal lære å vere kritiske og utforskande I kapittelet om saktekstar får elevane konkrete tips om korleis dei kan vurdere truverdet til avsendaren. Elevane skal vere bevisste på korleis dei retoriske appellformene verkar og påverkar den som les eller høyrer. I kapittelet om munnleg kommunikasjon lærer elevane om korleis dei sjølve kan bruke retorikk på ein god måte. Å vere ein kritisk lesar betyr at ein skal vere open, aktiv og utforskande. Elevane skal lære å stille gode spørsmål til teksten. Gjennomgåande i læreboka Kontakt og dei digitale ressursane er det utforskande oppgåver der elevane skal undersøke kva kontekst eller tema ein tekst har, og overføre kunnskap til andre samanhengar. Tydelege og instruktive eksempeltekstar og sjekklister Kontakt formidlar tydeleg kva som blir forventa av elevane og gjer det enklare å meistre norskfaget. Elevane får god hjelp når dei arbeider med både lesing, skriving og munnlege aktivitetar. Eksempeltekstane har gode forklaringar og er tydelege slik at elevane skal forstå oppbygning og tekststrukturar så godt at dei kan møte krava i eigne tekstar. Sjekklistene er presenterte i rammer slik at elevane enkelt kan gå gjennom punkta når dei arbeider på eiga hand. Kulturmøte i litteraturen og språkleg mangfald Kva vil det seie å kunne reflektere? Kva skal elevane gjere konkret når dei reflekterer over tema i tekstar? I Kontakt får elevane gode spørsmål som dei kan stille til tekstar dei skal reflektere over, og eksempel på slike refleksjonar. Tekstar er kommenterte i teoridelen og viser korleis ein kan reflektere over for eksempel ulike kulturmøte. Kva skjer med språket når det møter andre språk? Elevane får teoristoff og teksteksempel med oppgåver knytte til temaa norsk i ei globalisert verd og dei samiske språka. Dei tverrfaglege temaa i norsk yrkesfag Dei overordna tverrfaglege temaa berekraftig utvikling, folkehelse og livsmeistring og demokrati og medborgarskap, er integrerte i læreverket Kontakt, og særleg i tekstsamlinga der tekstane gir varierte innfallsvinklar til temaa. Utvalet i tekstsamlinga treffer og engasjerer elevane Utvalet av tekstar i læreboka Kontakt har breidde og variasjon, og dei viser korleis tekstar kan ta opp eit tema med ulike innfallsvinklar. Dei litterære tekstane er i stor grad avslutta tekstar. Saktekstane er valde ut for å ha relevans over tid. Dramateksten er eit kjent tv-manuskript, og dei lyriske tekstane er både tradisjonelle og modernistiske, i tillegg til ny songlyrikk som er ein sjanger elevane er kjende med. Fyldige digitale ressursar for elevar og lærarar Læreboka Kontakt blir supplert av ein nettstad for lærarar og elevar med blant anna fleire oppgåver og læringsstiar, skrive- og leseverktøy, integrert ordbok og meir. Læraren finn gode undervisningsopplegg, forslag til årsplanar og vurderingssituasjonar med meir. Elev- og lærarnettstaden har funksjonalitet som legg opp til lagring av oppgåver og prosessorientert skriving. Læreboka Kontakt er tilgjengeleg i begge målformer og som digital lærebok: Kontakt (2021) Unibok og Kontakt (2021) Brettbok. Forfattarane Tone Elisabeth Grundvig og Siv Sørås Valand har begge lang undervisningserfaring i norsk på yrkesfagleg studieretning.

Bokdetaljer

Forlag Cappelen Damm

Utgivelsesår 2021

Format Slide bound

ISBN13 9788202597320

EAN 9788202597320

Språk Nynorsk

Sider 391

Utgave 2

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket