Omtale fra forlaget
Denne boka i konstruksjonsteknikk er skriven spesielt for den nye læreplanen for teknisk fagskole, men ho vil også passe for dei tekniske høgskolane. Til dømes vil den generelle innføringa i dimensjonering av maskindelar høve godt som støttelitteratur for 2- og 3-vekttalskurs.
Boka tek i detalj for seg dei ulike sidene ein konstruktør må vurdere for å kunne dimensjonere maskinelement. Dette er "praktisk mekanikk". I boka tek vi i bruk dei likningane og metodane som er innøvde i faget mekanikk, for å finne storleiken på reaksjonskrefter og moment som ytre krefter set opp. Kreftene og momenta bruker vi til å finne kor store dimensjonar maskindelane må ha for å gi den tryggleiken vi ønskjer mot deformasjon eller brot.
Forfattaren har prøvt å finne fram til døme som er typiske for emnet, men som samstundes er oversiktlege og forklarande, slik at tekst og døme går hand i hand. Etter kvart kapittel står det ein del øvingsoppgåver.
Kjell N. Johannessen er sivilingeniør i maskinteknikk med eksamen frå Universitetet i Newcastle. Han har allsidig erfaring som konstruktør frå produksjonsverkstader og prosessindustri. Dei siste åra har han undervist i maskinkonstruksjonsfag ved teknisk fagskole. Kjell N. Johannessen er no tilsett som høgskolelektor ved Høgskolen i Tromsø.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2001
Format Heftet
ISBN13 9788276746600
EAN 9788276746600
Språk Nynorsk
Sider 352
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket