Omtale fra forlaget
Konkurranserestriksjonar i arbeids- og næringsforhold gir ei grundig og samlande framstilling av ulike typar avtalebaserte innskrenkingar i konkurransefridomen, både i avtalar mellom arbeidsgivar og arbeidstakar og i avtalar mellom næringsdrivande. Etter ein introduksjon til emnet i del I går boka i del II grundig inn på konkurranse-, kunde- og rekrutteringsklausular i arbeidsforhold, bindingstid i arbeidsforhold og reglane om karantene for politikarar, embets- og tenestemenn. Del III drøftar konkurranserestriksjonar i næringsforhold. Sentrale tema er avtalelova § 38, konkurranserestriksjonar i selskaps- og agenturforhold, konfidensialitets- og teiepliktklausular samt næringsservituttar og liknande klausular. Del IV omhandlar konkurranseklausular i konkurranseretten relatert til føretakssamanslutningar, horisontale og vertikale avtaler. Del V gir eit oversyn over reglar om handheving av og sanksjonar mot brot på ulike konkurranseklausular. Dette omfattar mellom anna reglar om bevissikring og bevisføring, arbeidsrettslege sanksjonar, forbod og mellombels åtgjerd samt monetære sanksjonar som avtalt konvensjonalbot, erstatning og krav om frålegging av vinning.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2020
Format Heftet
ISBN13 9788205506381
EAN 9788205506381
Språk Nynorsk
Sider 331
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket