Omtale fra forlaget
Det er vinter og krig, og nede i bygda ligg frosne åkrar og utrulla piggtråd. På garden til Eilert står den mektige Sølvgrana, treet som er så majestetisk og vakkert at folk, i alle fall før krigen, kom langvegsfrå for å sjå det. Sølvgrana skal spela ei avgjerande rolle i sabotasjeaksjonen ved Berarbrua i Sjuskog i desember 1942, som bonden Eilert, presten Milton og trevarefabrikanten Anton planlegg saman. I sin utstuderte og gåtefulle motstandskamp set dei også si lit til schæferhunden Raum og den fjortenårige, brunsvarte dølahesten Akar. Dei tre dyrkar normalitet i arbeidet på garden, trevarefabrikken og i kyrkja, samtidig er det samarbeidet deira som får fram skaparkraft og ei sterk økologisk tru. Med Konglefall. Ein sabotasje har Eirik Ingebrigtsen skapt ein roman som på sitt særeigne vis foreinar realisme og magi. Konglefall. Ein sabotasje kan lesast som ein allegori over ein krig som har vore på norsk jord, men også som ein dystopi og eit varsel om ei trugande framtid.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2025
Format E-bok
ISBN13 9788249530595
EAN 9788249530595
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket