Omtale fra forlaget
Einar Sverdrup (1895-1942) er ein av Noregs ukjende heltar og samfunnsbyggjarar. Han var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani. Gruvene ved Longyearbyen - og byen sjølv - blei livsverket hans. Ingen ting kunne stanse Einar Sverdrup. Familien var full av framståande politikarar, prestar, polfararar, poetar og pressemenn.
Kongen av Spitsbergen er ei bok om vilje, mot og pågangsmot. Hausten 1941 var Einar Sverdrup rasande då britane tvangsevakuerte Longyearbyen; alle menneska i ein norsk småby blei stappa om bord i krigsskip og sende til Storbritannia, medan byen og gruvene blei herja og husdyra slakta for fote.
I mai 1942 leidde Sverdrup ein militær operasjon for å fri Spitsbergen frå Nazi- Tyskland. 13. mai 1942 omkom han og 13 medsoldatar, då ekspedisjonsskipet «Isbjørn» blei senka av tyske fly. Kongen av Spitsbergen er den første boka om Einar Sverdrup.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788252192506
EAN 9788252192506
Omtalt tid 1900-1945
Omtalt person Einar Sverdrup Store norske Spitsbergen kulkompani
Språk Nynorsk
Sider 286
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket