Omtale fra forlaget
Alderdomssjokket
Åsmund Bjørnstads dikt skildrar sjokket som ein dag tek oss alle. Utan større førebuing må vi tre ut av samfunnet, arbeidet og ansvaret vi som unge blei konfirmerte inn i. For dei fleste ligg alderdomen enno langt der framme, men minkinga er i gang. Med orda frå kong Lear: Vi må gå gjennom å gå bort, liksom å koma hit. Mognad er alt.
Dikta i "Konfirmasjon til alderdommen" er både humoristiske og kloke, og handlar om å tre inn mellom dei eldre, der det ikkje lenger er mogleg å gå i opptrødde spor.
Åsmund Bjørnstad (f. 1951) er professor i genetikk og planteforedling. Bjørnstad er busett på Ås.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format Heftet
ISBN13 9788234004612
EAN 9788234004612
Språk Nynorsk
Sider 66
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketDei gamle
Det er dei gamle trea
som er skogen.
Bøkestammene som høgt der oppe snaibeitar lyset.
Sjela eldest ikkje
Det er noko her
som ikkje stemmer. Sjela
eldest ikkje.
Føtene blir ustøe og orda treng gåstol, men sjela
veks liksom utover veike lemmer og held
Tinga
1
Kva ting eg
treng? Slepp alt
som ikkje lenger har kroppstemperatur:
det,og den,alt du eig
like mykje som fullmånen. Snart
blir plassen din ledig, så
gjev den frå deg, stykke for stykke, nytt
kvart minste høve, kven
treng det, kan nokon
trenge den, start no, bli ferdig i tide,
så arven rekk til alle.
4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket