Kompostboka

om å byggja natur

av (forfatter).

Forlaget Nyskaping 2020 Heftet

Gjennomsnittlig terningkast: 5.00 (1 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Frå dei tidlegaste tider har mennesket drøymt om «Den løyndomsfulle hagen». Paradiset der alt veks, der fuglar syng, bier summar, froskar kvekkar, sommarfuglar leikar seg og sola alltid skin. Det å kompostera hjelper deg diverre ikkje med det siste på denne lista, men så absolutt med alt det andre.
Med kompost som materiell, vert du Gaia sin eigen bygningsarbeidar. Du fornyar hage og åker på same måte som ho fornyar alt levande. Du kan skapa eit veldig mangfald av liv rundt deg. Kompost er nøkkelen til å låsa opp den magiske verda du trudde var tapt for alltid, eller forvist til fabel og eventyrbøker. Du byggjer nedanfrå og opp med kompost. Slik naturen alltid har vore bygd. Frå dei talrike små til dei store få. Urørt mold som blir tilført kompost, inneheld eit uhyre rikt og fullverdig økosystem. Dette systemet både lagrar karbon og skaper enorme mengder med mangfaldig næring til plantelivet. Å kompostera er difor noko av det viktigaste me kan gjera i kampen mot klimaendringar og tap av biologisk mangfald. Med kompost kan du over tid få det meste av plantar, både «ville» og «tamme», til å trivast. Du kan nå det punktet der «alt» veks av seg sjølv. Eigedomen din blir også eit eldorado for fuglar, pollinerande insekt og snigleetande amfibiar. Din hage kan så absolutt bli Den løyndomsfulle hagen. Følgjer du råda i denne boka, vil du vera på god veg dit. Kompostboka er ein leik med små og store idear og ressursar. Den handlar om hagen og åkeren, men også om dei store utfordringane menneskja og planeten står overfor. Det er ei bok om sjølve livet. Om mennesket i naturen. I dag og i morgon.

Bokdetaljer

Forlag Forlaget Nyskaping

Utgivelsesår 2020

Format Heftet

ISBN13 9788299779630

EAN 9788299779630

Språk Nynorsk

Sider 232

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 1 0 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

4 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket