Omtale fra forlaget
Alle kan gjere feil, også Trygderetten og trygdeforvaltninga (NAV). Boka drøftar kva som skal til for å få vurdert ei sak på nytt (få gjenopptatt saka), når det blir hevda at det er gjort feil til ugunst for den private part. I praksis ved Trygderetten har det utvikla seg enkelte vilkår for gjenopptak. Forfattaren vurderer det slik at delar av denne praksisen er uheimla. Ikkje minst gjeld det når ein opererer med ein uforsvarlegterskel ved påståtte feil i lovtolkinga, som også er meint å binde dei allmenne domstolane til ikkje å gå djupare i prøvinga. Høgsterett har eigentleg aldri gått inn i desse spørsmåla, og i praksis ved lagmannsrettane spriker det sterkt. Trygderetten si line kan også vere problematisk i lys av vernet trygderettar har som eigedom etter EMK P 1-1. I Arbeids- og sosialdepartementet sitt Høyringsnotat om revisjon av trygderettslova frå 2014 blir det gjort framlegg om ei lovfesting av dei vilkår som i dag blir praktisert. Den uklarleik om forståinga av desse som blir dokumentert i boka, blir likevel ikkje sett, langt mindre omtalt. Boka set tematikken inn i ein breiare forvaltningsrettsleg og menneskerettsleg kontekst, og ho bør vere av interesse for domstolar, forvaltningsorgan, advokatar, lovgjevarar og andre som kjem i nærkontakt med trygderettslege spørsmål. Bjørn Henning Østenstad (f. 1970) er professor (ph.d.) i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen. Som spesialfelt har han forvaltningsrett og velferdsrett, med tilhøyrande menneskerettslege problemstillingar.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788245032338
EAN 9788245032338
Språk Nynorsk
Sider 198
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket