Omtale fra forlaget
Hundre år etter den russiske revolusjonen og fem hundre år etter reformasjonen oppstår ein diktarleg tale om fråvær av fellesskap i vår tid. Er fellesskapen død? Og om så er: Er det mogleg å vekkje han opp? Leif Høghaugs andre diktbok utforskar ein idé om korleis fortidas messianisme kan verke i notida for å skape ei ny framtid. Kommunion 2017 blir til i spennet mellom lyrikk og prosa, elegi og humor, dialekt og skriftspråk, og framstår som ein samtale med ei rad messianske forfattarar: Marx, Luther, Dante, Shakespeare, Lenin, Hölderlin, Yeats, Joyce ...
Leif Høghaug (f. 1974) er utdanna litteraturvitar, har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har skrive bokmeldingar og essays for ei rekkje aviser og tidsskrifter. I åra 2010-2015 arbeida han som redaktør i Bokvennen Forlag. Han debuterte skjønnlitterært i 2012 med diktboka Fama, og er også aktiv som omsetjar. Han har mellom anna gjendikta Julian T. Brolaski frå amerikansk, og arbeider med å omsetje James Joyces Finnegans Wake til norsk.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2017
Format E-bok
ISBN13 9788252194920
EAN 9788252194920
Språk Nynorsk
Sider 104
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket