Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka gir ei grundig innføring i korleis psykiatrien i kommunane har utvikla seg frå 1970-åra fram til år 2000. Forfattaren får fram viktige skilnader mellom å vera psykisk helsearbeidar i ein kommune og på ein psykiatrisk institusjon, og korleis desse skilnadene viser seg i samarbeid med pasientar, brukarar, pårørande og fagfolk på ulike nivå. Det gis også eit lite gløtt inn i korleis kommunepsykiatrien kan utvikla seg fram mot 2020. Den viktigaste målgruppa er studentane ved dei tverrfaglege vidareutdanningane i psykisk helsearbeid. Med litteraturliste og register.
Omtale fra forlaget
Denne boka gir ei grundig innføring i korleis psykiatrien i kommunane har utvikla seg frå av 1970-åra fram til år 2000. Den første delen viser hovudtrekk frå psykiatrien i den nære fortida vår. Den andre delen gir innsyn i oppstart og utvikling av psykiatrisk sjukepleie i kommunane. Den tredje og største delen dreier seg om kva ideologi, kunnskapssyn og arbeidsmåtar som har vore plattforma til dei psykiatriske sjukepleiarane i dette nybrotsarbeidet, og som var grunnlaget for det tverrfaglege psykiske helsearbeidet som har vakse fram etter kvart. Boka får også fram viktige skilnader mellom å vera psykisk helsearbeidar i ein kommune og på ein psykiatrisk institusjon, og korleis desse skilnadene viser seg i samarbeid med pasientar, brukarar, pårørande og fagfolk på ulike nivå. Den siste delen av boka gir eit lite gløtt inn i korleis kommunepsykiatrien kan ha utvikla seg til å bli i 2020. Den viktigaste målgruppa er studentane ved dei tverrfaglege vidareutdanningane i psykisk helsearbeid. Boka kan også vera nyttig for grunnutdanningar i helse- og sosialfag, og er sentral for alle faggrupper som arbeider med psykiatriske pasientar, både i kommunar og på psykiatriske institusjonar. Helga Robberstad er psykiatrisk sjukepleiar og førstelektor ved Høgskulen i Stavanger, avdeling for helse- og sosialfag. Ho har i mange år undervist ved vidareutdanninga i psykiatrisk sjukepleie, og dei siste åra ved vidareutdanninga i psykisk helsearbeid. Ho var hovudforfattar til boka Eit betre liv?, og har seinare skrive Pasient frå 9-15.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2002
Format Heftet
ISBN13 9788276746860
EAN 9788276746860
Språk Nynorsk
Sider 232
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket