Omtale fra forlaget
Visste du at det i jarnalderen fanst folk som heitte Kjønnmund? Eller at ordet alskens er samansett av all og kjønn? I så fall er du unnataket som stadfester regelen: Dei fleste av oss veit fint lite om ordet kjønn. Men me møter det heile tida: Ordet dukkar stadig opp i aviser, debattar, grammatikkbøker, ID-papir, naturfagstimar - ingen slepp unna kjønn. Dette velkjende arveordet er lett å gripa til, men vanskeleg å få taket på. Kristin Fridtun vel å snika seg innpå kjønn bakfrå: Hen går historisk til verks og grev i fortida til dette innfløkte ordet. Kvar kjem kjønn ifrå? Kvifor brukar me det annleis i dag enn dei gjorde for 400 og 800 år sidan? Kva meinte Ludvig Holberg med «det menniskelige Kiøns Fiende»?
Gjennom fem laust samanhengande essay kjem me kjønn nærmare inn på livet, men me får òg kjennskap til livet i dei kjønnslege utkantane. Fridtun skriv med utgangspunkt i sine eigne røynsler som transperson, og eit tilbakevendande tema er kjensla av å stå på utsida av det me kallar kjønn. Granskinga av ordet kjønn blir såleis eit springbrett til vidare drøftingar av kjønnskategoriar, rådande førestillingar om kjønn, tilhøvet mellom natur og kultur - og korleis omverda møter dei av oss som lever på sida av kjønnsnormalen.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2015
Format E-bok
ISBN13 9788252189421
EAN 9788252189421
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Me har alt selge fast at kjønn ikkje er vant med å verta ransaka. Det er i grunnen underleg: Her har me eit ord som stadig svingar seg i avisspaltene, kommentarfelta, tidsskriftene og bøkene, for ikkje å gløyma fjernsynsmøteromma- og så slepp det så lett unna? Det er så ein i veike augneblinkar fell i tankar om overnaturlige krefter og huldrehatter. Ordet får i alle fall mykje merksemd og inga merksemd på ei og same tid. Det står urørlig midt i kryssilden, men får ikkje så mykje som eit streifsår.
44 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket