Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka byggjer på intervju av 42 fiskarkvinner, fødde i perioden 1892-1938. Dei fortel med eigne ord om livet som barn og ungdom, om skulegang og arbeid, og om forelsking og giftarmål. Vi høyrer om det daglege strevet i hus og heim, og om korleis dei skapte et liv for seg og sine.
Omtale fra forlaget
Den sommaren eg var 14 år gav mor mi meg ei saks og ein kveitemjølssekk. Ho visste eg hadde hug på ein ny sommarkjole, og sa: 'Du kan få ein kjole av dette tøyet, men du skal klippe og sy han sjølv'. Eg gjorde det, og det vart ein kjole eg var nøgd med," fortel Aslaug Ulriksen frå Bremanger.
Dette er ei bok om slit og strev, men også leik og moro. Om sakn og uvisse, men også om samhald og venskap i små fiskarsamfunn. Om sparsemd, men også om rikdomen i livet på den vêrharde kysten av Sogn og Fjordane.
Boka byggjer på intervju av 42 fiskarkvinner, fødd i perioden 1892-1938. Dei fortel med eigne ord om livet som barn og ungdom, om skulegang og arbeid, og om forelsking og giftarmål. Vi høyrer om det daglege strevet i hus og heim, og om korleis dei skapte eit liv for seg og sine.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2004
Format Innbundet
ISBN13 9788291722399
EAN 9788291722399
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket