Omtale fra forlaget
Dette gamle uttrykket blei ofte brukt når ein vart overraska over noko. Det har kanskje til og med ein litt negativ klang, eit eller anna har provosert fram eit mildt kraftuttrykk...
Eg oppdaga plutseleg desse tre orda på ny. Eg tenkte at det å kjærteikna tida si og snakka fint til henne, det burde me gjera oftare. Tida er alltid akkurat nå. Til ei kvar tid er me på det einaste punktet i livet der me kan gjera noko med akkurat det sekundet me er inne i, før me pustar ut att, og tida har gått vidare.
At tida går er det sikkert fleire enn meg som har oppdaga. Det som skjedde for bare litt sidan kan visa seg å vera ti år tilbake i tid når me tenkjer nærare etter. I denne boka inviterer eg deg inn i mi tid, både den som har vore, den som er her medan du les dette, og den tida som skal koma. Her møter du tekster som handlar om barndom, klasserom, sorg, frykt, glede, den merkelege koronatida og årstider. Som eit anna gammalt uttrykk seier: Det er ei tid for alt.
Eg håpar boka vil inspirera til at du legg merke til tida di, og at du frå nå av snakkar vennleg til henne.
Forlag Sporisand
Utgivelsesår 2023
Format Heftet
ISBN13 9788293474128
EAN 9788293474128
Språk Nynorsk
Sider 230
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket