Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka ser på kjevla som ein viktig bruksgjenstand for menneska gjennom historia. Den inneheld òg fotografiar av kjevlar i rare fasongar, og humoristiske og absurde tekstar om kva som skjer når fleire og fleire kjevlar blir liggjande ubrukte og passive, stuva bort i skuffar og skap.
Omtale fra forlaget
Gjennom fleire tusen år har kjevla vore gode hjelparar for menneske over heile verda. Men kva skjer når fleire og fleire kjevler blir liggjande ubrukte og passive, stuva bort i skuffer og skåp? Somme einsame kjevler kollapsar og blir til flatkjevler, andre svulmar opp til stormannsgale pyntegjenstandar. Kjevler som ligg tett saman kan knyte streke band seg imellom og ta form etter kvarandre. Slike kjælne kjevler er det nesten uråd å lirke laus og få retta ut igjen. Dei siste fem åra har stadig fleire uvanlege kjevler kome til syne i og utanfor skallen til Hans Sande, der dei lever sine merkverdige liv. I denne boka er kjevla fotograferte av Ole Fretheim, slik at folk kan få eit levande inntrykk av kva som skjer når lengten etter gode hender blir for sterk. Har du lyst på ein tur i kjevleskogen?
Forlag Penna forl.
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788282120067
EAN 9788282120067
Språk Nynorsk
Sider 96
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket