Omtale fra forlaget
- Berre vent, sa Hilda, rimeleg sikker. - Den gutungen blir det aldri folk av. De ska få sanne mine ord.
Og det såg ut som ho skulle få rett. For Norvald var ikkje som dei andre ungane. Ein unge skulle vere snill og stillfarande, sitje roleg ved bordet, ikkje snakke i utide og slett ikkje stygt, og vere lydig imot foreldra. Og sjølvsagt: ikkje tru om seg sjølv at han var noko. Og framfor alt: Han måtte ikkje stelle seg slik at han førte skam over foreldra.
Norvald Tveit voks opp i Bøfjorden i ytre Sogn på 1930-talet. I denne boka ser han tilbake på oppveksten sin som eit sokalla uekte barn frå han kom til pleieforeldra sine som baby og fram til 11-12-års alderen. Det skarpe blikket og humoren utvikla han tidleg. Også evna til å bry seg om dei som hadde det verre. Han fortel levande og med glimt i auge om livet i gamle dagar, der ungane måtte ta del i arbeidet frå dei var ganske små. Vi får også høyre om første bilturen, den magiske grammofonen, skulen og naboane. Slikt blir det gode historier av. Og han sler hardt ned på behandlinga av .tylene", dei funksjonshemma, som ikkje alltid hadde det så godt rundt på gardane.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2019
Format Innbundet
ISBN13 9788282401555
EAN 9788282401555
Omtalt tid 1918-1939
Språk Nynorsk
Sider 288
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket