Omtale fra forlaget
Dette er ei grunnleggande innføringsbok i helserett for sjukepleiarar. Boka gir oversikt
over regelverket som gir rammene for sjukepleiefagleg arbeid, og over kva desse
reglane inneber i praksis.
Etter ei kort innføring om ulike normer, rettsstat, velferdsstat og menneskerettane,
tar forfattaren for seg reglane som gjeld ved utøving av sjukepleiaryrket. Sentrale føresegner i mellom anna helsepersonellova, pasient- og
brukarrettslova og psykisk helsevernlova vert gjennomgått. Kravet til forsvarleg
yrkesutøving, grenser for bruk av tvang, kravet til journalføring, informasjonsbehandling og teieplikt blir behandla og sett i lys av prinsipp som pasientautonomi og rettstryggleik. Her blir også krav til medverknad - også for barn og unge - gjennomgått.
Plikter for sjukepleiarar og anna helsepersonell heng nøye saman med rettar for pasientane. Pasientar har rettar både vis-a-vis sjukepleiarar
og anna helsepersonell, men også vis-a-vis verksemder som er ansvarlege for tenestene.
Difor vert også plikter for eigarar og dei som er ansvarlege for organisering og drift av
helsetenestene, gjennomgått, sidan dette vedkjem rettane til pasientane og kan avgrensa ansvaret til fagpersonellet.
Bente Ohnstad (f. 1953) er jurist, advokat og
førsteamanuensis i rettsvitskap ved Høgskolen i
Innlandet, Lillehammer. Ohnstad har brei erfaring frå offentleg forvaltning, undervisning, utgreiing, forsking og leiing. Ho har publisert fleire fagbøker og artiklar innanfor rettsområda forvaltningsrett, velferdsrett og helserett, skrive NOU 1993:33 om helsepersonell sine rettar og plikter og leia arbeidet med Ot.prp. nr. 13 (1998-99): Om lov om helsepersonell.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format E-bok
ISBN13 9788234001055
EAN 9788234001055
Språk Nynorsk
Sider 164
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket