Omtale fra forlaget
Jonas Gahr Støre. Eit dikt er eit draumkvæde, ein visjon om rolla diktinga spelar i ei visjonslaus tid.Dette er ei bok om ein av dei viktigaste politiske aktørane i den norske samtida. Gløym biletet media har skapa av den politiske hovdingen, statsmannen. Og les kva diktinga kan seia om verda me lever i. I denne boka vert Jonas Gahr Støre kasta ut i eit allegorisk hav. Havet er sjølv ein karakter, ei flytande spegelflate som viser andlet og talar om openberre prov på krisa, som ekstremvêr, trumpisme og fråvære av venstreradikale rørsler med klåre visjonar om ei betre framtid. Og i dette havets vald vert Støre forvandla til både heltemodig storsymjar og duppande flaskepost, til både Odyssevs og Jonas i kvalfiskens buk. Men Støre er ikkje den einaste som kjem til syne på den speglande havoverflata. Også kvilelause attergangarar flyt ikring. Ei av desse røystene frå fortida er den flygande hollendaren, ei anna han Ola Hansebergknatten.Med denne boka gjev Leif Høghaug eit bidrag til den norske samtidslyrikken som det er vanskeleg å halda seg likegyldig til. Sjølv kallar han boka «ein drope i havet» – men som kjent kan ein drope vera nok til å endra eit heilskapsinntrykk, og han meiner at diktinga må insistera på at den språklege framstillinga av politikkens sanning ikkje eine og åleine er ei sak for the usual suspects, som politikarane sjølve, journalistar og ymse kommentatorar. Kanskje er det nettopp gjennom diktarspråket me kan dana grunnlaget for ein ny og framtidsretta samtale.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788234014673
EAN 9788234014673
Omtalt person Jonas Gahr Støre
Språk Nynorsk
Sider 121
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket