Omtale fra forlaget
Jon Fosse sine tekstar er godt eigna både til konsentrert stillelesing, aktiv utforsking og framføringar på skulescenar. Urøynde lesarar blir fanga av korte tekstar som overraskar, røynde lesarar finn nytt å bryne seg på. Dei relativt små tekstane i ulike sjangrar passar særleg godt til klasseromsbruk og opnar for variert didaktisk tilrettelegging og individuell tilpassing av undervisninga. Lesing av utfordrande tekstar i skulen er eit aktuelt vitskapsfelt i litteraturdidaktikken. Med grunnlag i oppdatert forsking bidrar denne fagfellevurderte antologien med ny innsikt om Jon Fosses ulike sjangrar og bruken av desse i skulen. Boka er skriven for lærarstudentar både på grunn- og vidareutdanninga og har eit gjennomgåande didaktisk perspektiv.
Dag Skarstein er førsteamanuensis i norsk og Inger Vederhus er førstelektor i norsk ved OsloMet - Storbyuniversitetet. Dei er begge tilsett ved lærarutdanninga.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2020
Format Heftet
ISBN13 9788234001185
EAN 9788234001185
Omtalt person Jon Fosse
Språk Nynorsk
Sider 135
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket