Omtale fra forlaget
Det er en historie fra okkupasjonen med monumentale dimensjoner. Arne Skouen, Dagbladet
I krigsåra 1940-45 vart 736 norske jødar deporterte og drepne i tyske konsentrasjonsleirar. Dette er eit svart kapittel i norsk historie, og litteraturen om deportasjonane og dødsleirane er omfattande. Mindre kjent er historia om alle dei som vart berga - dei som vart varsla, sendt i dekning og smugla ut av landet. I alt 1100 slapp unna arrestasjon og deportasjon på denne måten. Dei som hjelpte jødane var motstandsfolk og andre frivillige - sivile menn og kvinner som sjølv risikerte livet. I denne boka møter vi mange av dei som var involverte i redningsaksjonane, både jødar som vart redda ut og hjelperane deira. Ragnar Ulstein fortel historia gjennom lagnaden til einskildpersonar og familiar, og går tett inn på korleis jødane opplevde tiltakande trakassering og forfølgjing. Dramatikk, angst og spenning møter lesaren i dei mange redningshistoriene, men også heltemot, hjartevarme og medmenneskeleg handlekraft.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format E-bok
ISBN13 9788252197167
EAN 9788252197167
Omtalt tid 1939-1945
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 271
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket11 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verketSkjønnlitteratur og sakprosa.