Omtale fra forlaget
Frie kvinner - fri forfattar? I denne boka blir det påvist at Jens Tvedt (1857-1935) skreiv om frie kvinner i ufritt samfunn når andre skreiv om ufrie kvinner. Novellene og forteljingane av Jens Tvedt handlar om kvinner som krev å vera frie og held fast på å vera frie så langt dette går og ikkje går; med den prisen dette får. Jens Tvedt var framståande forfattar, omtykt særleg av unge og kvinnelege lesarar og høgt verdsett av den litterære kritikken. Frie kvinner var sterkt emne og kvinneleg seksualitet absolutt tabu, så dette har aldri vore nemnt i det som vart skrive om bøkene og forfattaren, utan i ein jubileumsartikkel der forfattaren får påtale for dette. I denne kritiske studien blir det påvist koss forfattaren seinare vart feilplassert, nedvurdert og miskjend i litteraturhistorier. At dette var gjort på sviktande grunnlag, blir grundig dokumentert. Anders M. Andersen har tidlegare publisert studiar over Kiellands romankunst, Wergelands poesi og filosofi, Olav H. Hauges sonettmodernisme, Tor Obrestads lyrikk, Elias Blix og klassisk nynorsk lyrikk, klassisk og folkeleg komedie, romanteori og Uppdals romankunst.
Forlag Bodoni
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788271289546
EAN 9788271289546
Omtalt person Jens Tvedt
Språk Nynorsk
Sider 143
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket