Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka tek for seg jakt og fiske på vestlandet gjennom dei fire årstidene. Med faktabokser, tips, statistikkar og rekordar. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Vestlandet byr på fantastisk natur og rikt dyreliv. I denne boka tek vi deg med på ei reise gjennom dette landskapet med fokus på jakt og fiske i dei fire årstidene. Hjortejakt i Måren, harejakt i Gloppen, revejakt på Voss, gåsejakt på Karmøy, laksefiske i Lærdal og seljakt i Sognefjorden er nokre av opplevingane vi får vere med på. Over 30 stopp, der vi møter både einslege jegerar, jaktlag og fiskarar. Og det er ikkje alltid byttet er det viktigaste. Som Anders Skjelde seier: Vi får trøyste oss med at vi ikkje lever av, men for fjellrypejakta. Alle reportasjane er rikt illustrerte, med om lag 150 foto. Det er fyldige faktaboksar, nyttige tips, statistikkar og rekordar. Ei bok både til inspirasjon og praktisk bruk. Atle Skjelde (f. 1965) frå Voss er cand. mag. i natur og miljøforvaltning frå Høgskulen i Telemark/Universitetet i Bergen. Han er fast medarbeidar i bladet Jakt & Fiske og har gjennom mange år skrive reportasjar for Villmarksliv, Jakt, Alt om Fiske. Vi Menn m. fl. Han har også levert tekst og bilete til mange bøker om jakt og fiske.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788282400244
EAN 9788282400244
Omtalt sted Vestlandet
Språk Nynorsk
Sider 208
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket