Omtale fra forlaget
Intertekst påbygging essens vg3 er skriven til Kunnskapsløftet 2020. Dette er ei lærebok i norsk for påbygging til generell studiekompetanse for elevar som følgjer læreplan i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Boka eignar seg òg for elevar som følgjer den ordinære læreplanen, men som har behov for ekstra støtte i faget. Intertekst påbygging essens vg3 har same struktur som Intertekst påbygging vg3, og bøkene kan dermed brukast samtidig i klasserommet. Fagstoffet er nøye utvalt og språkleg tilrettelagt, og sjangerkapitla gir trinn-for-trinn-hjelp med alt frå skriftlege til munnlege problemstillingar. Tekstsamlinga er eit utval frå Intertekst påbygging vg3 og er tilpassa målgruppa med ordforklaringar og eigne oppgåver. For elevar som følgjer ordinær læreplan, finst det tilleggsstoff på «pluss-sidene». Boka har eigen nettressurs med undervisningsopplegg, årsplanar og verktøy for å jobbe vidare med skriving, lesing og munnlege ferdigheiter. Intertekst påbygging essens vg3 er også tilgjengeleg som digital bok og som lydbok. Alle komponentane finst i både bokmåls- og nynorskversjonar.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2024
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211047212
EAN 9788211047212
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket