Omtale fra forlaget
Om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.I Innanfor. Utanfor fortel Stine Hanssen Brattland historia si om å mislykkast i utdanning og arbeid utan å forstå kvifor. Trass i at ho var gåverik og motivert, opplevde ho fleire nederlag som førte til ein årelang kamp gjennom NAV-systemet. Først i vaksen alder fekk ho diagnosen autisme, noko som blei ei forklaring på utfordringane ho hadde møtt – og som til slutt blir redninga. I boka deler ho erfaringane frå å leve utanfor samfunnet sine rammer og fortel om korleis diagnosen har opna dører til å forstå seg sjølv betre. Innanfor. Utanfor er ei sterk og ærleg forteljing om å finne sin plass i verda når ein heile livet har følt seg annleis.I serien Norsk røyndom inviterer Samlaget utvalde forfattarar til å skrive om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Våren 2025 kjem det fem nye titlar i serien. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2025
Format Heftet
ISBN13 9788234015021
EAN 9788234015021
Serie Norsk røyndom
Genre Hverdagsbetraktninger Personlige beretninger
Omtalt person Stine Hanssen Brattland
Språk Nynorsk
Sider 109
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket