Omtale fra forlaget
Inn i livet er eit læreverk for RLE-faget 1.-7. trinn. RLE-faget er stort og omfattande, men Inn i livet gir faget struktur og oversikt. Ved å gå frå det nære til det fjerne vil elevane møte kunnskapsstoffet med deira eigen kvardag som utgangspunkt. Gjennom tekstar og oppgåver gir vi elevane eit tematisk og samanliknande perspektiv på religionar, livssyn og etikk. Inn i livet er utarbeidd etter læreplanen frå 2008. I Inn i livet 7 Elevbok er hovudtemaet dei store spørsmåla og overgangsrituala. Elevane får møte Platon og Aristoteles, og dei får lære om ulike menneskesyn gjennom tidene. Miljø, familieformer, den globale verda og FN er også emne i delen som handlar om filosofi og etikk. Elevboka er organisert etter ulike tema der alle religionar og livssyn blir presenterte på ein likeverdig måte. I Inn i livet 7 Elevbok er det grunntankane i religionane som har fokus. Kva slags syn har dei ulike religionane på mennesket? Kva slags gudsbilete har dei? Kva for etikk lever dei etter? Kva er dei grunnleggjande trusartiklane? Boka tek også ein gjennomgang av ulike ritual i religionane og livssynshumanismen knytte til livet og livsløpet, t.d. skikkar og oppfatningar knytte til gravferd og død. Den siste delen tek for seg kristendommen si historie fram til reformasjonen. Inn i livet 7 Elevbok inneheld mange og ulike oppgåver. Dette gir stor grad av variasjon og gjer det enklare å differensiere. Dei ulike oppgåvetypane er markerte med ikon som tydeleg viser elevane kva slags arbeid som er venta av dei. For å hjelpe eleven i lesinga står nøkkelord og ordforklaringar i margen. Det finst også eit fyldig stikkordregister bak i boka. Oppsummeringsoppgåver til kvart kapittel gjer det enklare for eleven å repetere kunnskapsstoffet. Inn i livet 7 Elevbok er ei fleirårsbok.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788252177992
EAN 9788252177992
Språk Nynorsk
Sider 192
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket