Omtale fra forlaget
Kråkene samlar seg i den vesle skogklynga ved huset vårt i skumringa. Eg begynner å forstå at eg har hatt ein barndom, at barndommen min var dette huset, desse menneska, kva dei lærte meg, måten dei var glade i meg på utan å seia det. Eg har ikkje blitt den eg vil vera, ikkje enno, men det er ikkje deira feil. Eg har ein jobb å gjera. Kva gjer ein når ein ikkje finn plassen sin nokon stad, ikkje eingong i sin eigen kropp? Ida leiter hos den nye naboen, som er bilethoggar, ho leiter i verkstaden hennar, i huset hennar i Italia. Ho leiter i det framande språket, i smakane og luktene, i vinen som ho blandar ut med vatn. Og ho leiter i ei marmorblokk, søkjer etter ei kvinneform i den harde steinen. Idas italienske reise skal setja djupe spor i den unge jenta. Ida i Italia er eit portrett av kunstnaren som ung kvinne, ein klassisk danningsroman i ei stram og moderne form. Ingrid Z. Aanestad skriv med autoritet og opne sansar om den livreddande krafta som kan finnast i kunst og venleik - og om å akseptera det uferdige.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2024
Format E-bok
ISBN13 9788249529025
EAN 9788249529025
Språk Nynorsk
Sider 113
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket27 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket