Omtale fra forlaget
"Ibsens heroisme" er eit konsekvent forsøk på å analysere gåtene i dramatikarens laboratorium .; utan nødvendigvis å løyse dei. I sentrum for Ibsens heroisme finn vi eit knippe av Henrik Ibsens mest markante mannlege heltar, med sine heroiske visjonar og uunngåelege nederlag. Desse heltane har ein lenge betrakta med kritisk blikk som fundamentalistiske maktmenneske og usle eller lett komiske sjølvbedragarar. Slik er ikkje perspektivet i denne boka: "Eg er interessert i det eksistensielle alvoret i Ibsens skodespel. Difor er eg også interessert i å ta på alvor dei dramatiske personane hans," skriv Atle Kittang i forordet. Ibsens heroisme er eit konsekvent forsøk på å analysere gåtene i dramatikarens laboratorium . utan nødvendigvis å løyse dei. Atle Kittang (f.1941) er professor i litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen. Han er ein av Norges mest briljante formidlarar av litteratur- og kulturteori. På Gyldendal har han tidlegare gitt ut Hamsun-studien Luft, vind,ingenting (1984/1996), Sigmund Freud (1997), og artikkelsamlingane Ord, bilete, tenking (1998) og Sju artiklar om litteraturvitskap (2001).
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2002
Format Innbundet
ISBN13 9788205306332
EAN 9788205306332
Serie Pegasus
Omtalt person Henrik Ibsen
Språk Nynorsk
Sider 382
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket