Omtale fra forlaget
I boka I mørket er alle gudar grå, møter vi Svein som trass i ein barndom med trygge og gode rammer, får livet sitt prega av redsla for Gud, dommedag og helvete. Gud er for Svein ingen kjærleg Gud, og Svein sitt mest inderlege ynskje er at han ikkje skal finnast. I barne- og ungdomsalderen er tilhøvet til Gud ikkje eit spørsmål om tru, men om viten. Det han blir fortalt av foreldre og predikantane på venemøtene er sanninga med stor S. Lojalitetskonfliktane er mange og dei religiøse krisene i ungdomen likeså. For Svein er det berre ein utveg, men vegen er lang og hard.
Helge Hammersland er fødd i 1953. Han voks opp på Sotra, men er no busett på Stord. Han har størstedelen av yrkeslivet vore tilknytta skuleverket. Han voks opp i det Haugianske miljøet der strengheit og fromheit stod svært sentralt.
Forlag Kolofon
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788230015124
EAN 9788230015124
Språk Nynorsk
Sider 235
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket