Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I sjølvbiografien gir forfattaren ei personleg skildring av livet i den vesle vestlandsbygda Voss, og fortel om korleis han opplevde bygdemiljøet. Gjennom si eiga historie frå barndom og oppvekst, fortel han samtidig ei historie om Voss i etterkrigstida. Har litteraturliste og personregister.
Omtale fra forlaget
I kastanjetreet er ei lun bok som med varme og humor fortel om oppvekst og barndom i eit oversiktleg bygdemiljø der alle kjenner alle. Boka gjev eit godt tidsbilete frå etterkrigstida, den gongen ein framleis hadde tid til å stoppa og slå av ein prat. Både daglege og meir uvanlege hendingar var noko heile bygda tok del i - på godt og vondt. Ole Didrik Lærum fortel om sin eigen barndom og oppvekst, og handlinga tek dermed plass på Voss. Sjølve forteljinga er likevel universell. Her myldrar det av morosame soger frå kvardagsliv, høgtid og fritid, og frå miljøet på landsgymnaset. Du får til dømes høyra om den gongen flaum gjorde at ein kunne fiska ål i kjellaren til styraren på handelslaget, og då kongen vitja Voss, for ikkje å snakka om den gongen då det kom ein diger kval med toget. Dette er sjarmerande lesing uansett kvar ein bur eller kjem frå. Likar du å lesa Richard Herrmann eller Kjell Aukrust? Då vil du kosa deg med I kastanjetreet!
Forlag Vigmostad Bjørke
Utgivelsesår 2008
Format Innbundet
ISBN13 9788241905018
EAN 9788241905018
Omtalt sted Hordaland
Språk Nynorsk
Sider 257
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket