Omtale fra forlaget
Etterlengta oversiktsverk over norsk familiehistorie.
Boka tek opp både økonomiske, demografiske, kjenslemessige, og sosiale utviklingstrekk ved familien som institusjon . frå 1500-talet og fram til i dag.
I vår tid er det ei vanleg oppfatning at familien er i oppløysing. Dagens familiesituasjon blir halden opp mot eit bilete av familien i eldre tid, med store og barnerike hushald som heldt saman i tjukt og tynt. Men var det eigentleg slik? Var familiefellesskapet så grunnleggjande forskjellig frå vår tid som vi gjerne ønskjer å tru? Dette er spørsmål som vert tekne opp i denne første samla framstillinga av norsk familiehistorie.
Sidan 1970-talet har det kome ei rekkje avhandlingar og forskingsarbeid med tema frå familiehistorie og historisk demografi, og i boka oppsummerer forfattarane denne forskinga. Dei økonomiske og demografiske rammene blir behandla, samstundes som ein ser familien frå meir sosiale vinklar, som ein institusjon som tek vare på grunnleggjande kjensler og tilhøyrsle. Mellom anna blir dei klassiske mentalitetshistoriske perspektiva på barndom og familie drøfta ut frå norske forhold.
Boka er skriven for studentar i historie, kulturfag og sosiologi, men den er også relevant for pedagogikk, lærarutdanninga og helse- og sosialfag.
Sølvi Sogner er professor i historie ved Universitetet i Oslo. Beate Homlong er forlagsredaktør i Samlaget. Hilde Sandvik er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Oslo. Kari Telste er forskar ved Institutt for kulturstudier ved Universitetet i Oslo, og Hanne Marie Johansen er førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking, Universitetet i Bergen.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788234000508
EAN 9788234000508
Språk Nynorsk
Sider 271
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket7 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket