I fotspora til kunstmålaren Jacob Gløersen

av (forfatter).

Lid forlag 2018 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Boka er ei forteljing om kunstmålaren Jacob Gløersen (1852-1912), som hørte til "Gullalderen" i norsk målarkunst. Ein heil koloni av komande stjerner drog til München for å studere midt på 1870-talet. Dit reiste Harriet Backer, Kitty Kielland og Eilif Petersen, og snart etter kom Erik Werenskiold, Christian Skredsvig, Jakob Gløersen, Theodor Kittilsen, Gerhard Munthe, Fredrik Kolstø og Nils Bergslien for å nemne nokon.
Da Gløersen kom heim att frå München, var han fast bestemt på kva for bildekunst han ville via livet sitt til. Han var no overbevist naturalist og friluftsmålar, og i tråd med naturalismen sin kunstfilosofi og dei nasjonale straumane på denne tida, ønskte han å formidla norsk identitet gjennom natur og folkeliv.
Han vant snart stort ry, og vart rekna som ein av dei store kunstmålarane medan han levde. Han deltok på internasjonale utstillingar, og vann sølvmedalje på Verdensutstillinga i Paris 1889 og gullmedalje på den Internasjonale utstillinga i München 1891. Det nystarta Nasjonalgalleriet skaffa seg 27 måleri og teikningar av han, i den trua at han i framtida ville bli ståande som ein viktig representant for denne perioden i norsk målarkunst.
Boka er i fyrste rekke ei forteljing frå livet som biletkunstnar her i Norge rundt forrige århundreskifte. Forfattaren går i fotspora til Gløersen, gjennom dei 140 breva han har sendt til venene sine, i hovudsak Gerhard Munthe og Erik Werenskiold. Med breva som hovudkjelde, supplert med presseklipp, katalogar og kunstbøker, teiknar han eit bilete av eit kunstnarliv slik det arta seg på den tida. Sitat frå breva er bunde saman med forfattaren sine eigne kommentarar, og gjer at lesaren etter kvart synes at han kjenner denne mannen ganske godt.

Bokdetaljer

Forlag Lid forlag

Utgivelsesår 2018

Format Innbundet

ISBN13 9788230339589

EAN 9788230339589

Omtalt tid 1900-1914 1850-1899

Omtalt sted Norge

Omtalt person Jacob Gløersen

Språk Nynorsk

Sider 224

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket