Omtale fra forlaget
Ein Vassfadl er berre tolv år når han bryt forbodet mot å røra den mytiske Heimsboka, søler parafin over skrifta, og viskar ut folket si forteljing gjennom tusenvis av år. Dagen etter er auren i Stølsvatnet daud. Åra går og Ein driv fjellgarden som folket hans har gjort før han. Han treff sitt livs store kjærleik, men ho forsvinn sporlaust. Garden går mot konkurs. Han får besøk av ein Bodmann. Han leitar etter levande aure i smeltevatnet frå breen Hvitrheimr, slik segna om Hafna, urmor til folket hans, seier han skal. I New York ligg Ein si søster for døden. Ho ber dottera si, Leah, om å reisa over Atlanteren for å gjera ein avtale som kan redda dei store verdiane som ligg i fallrettane og dei mineralrike heiane Ein eig. Ein og Leah møtest like under breen Hvitrheimr utan å vere klar over kven den andre er. Dette er ein underleg og fasinerande roman, som beveger seg mellom det mytiske og det realistiske på overraskande måtar. Myter, forbanningar, magi og overtru blir sett opp mot naturvitskap og jus. Det handlar om det uopprettelege; breen som smeltar, auren som døyr, språk og kultur som forsvinn, å ta val der utfallet kan bli uoppretteleg.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2024
Format Innbundet
ISBN13 9788249528981
EAN 9788249528981
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket