Omtale fra forlaget
Ein Vassfadl er det siste leddet i ei stolt slekt frå fjellgarden under breen Hvítrheimr, med røter tilbake til istida. Ifølgje mytane er auren i fjellvatna under breen deira ansvar. Døyr auren ut, er endetida nær. Rett før aurafisket det året Ein er tolv år, bryt han forbodet mot å røre den heilage heimsboka, og dagen etter er all fisk i vatnet død. Deretter følgjer ulykke på ulykke i livet til Ein, og nå er Ein slått konkurs, han har ingen arvtakar eller veg ut. Han er ein mann utan framtid. Staten kjem til å overta heile området under breen og demme det opp. Alt han elskar kjem til å forsvinne. Med mindre det finst krefter i dette universet som vil det annleis. Edmund Austigard har Hvítrheimr skapt ei verd med ein eigen mytologi - opphavsmytar, ritual, heilage gjenstandar, påbod, forbod og forbanningar. Det er ei verd der det mytiske og det verkelege er vanskeleg å skilje. Det handlar om breen som smeltar, auren som døyr, språk og kultur som forsvinn, å ta val som kan få uopprettelege følgjer. Hvítrheimr er ein moderne fabel om kampen om ressursar, ansvar og om kunsten å gå myr.
Forlag Oktober
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788249528981
EAN 9788249528981
Språk Nynorsk
Sider 199
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket