Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Ein Volvo Amazon køyrer inn og ut av fleire av novellene i samlinga og knyter saman menneske som på kvar sin måte strevar seg fram i livet. Her er gutar på plommeslang og halvgamle menn på bluesfestival, her er kjærleikssvik og kvinner som vaktar sine hemmelege liv. Og sjølvbiografien til Gro Harlem Brundtland, ført i pennen av ein hjelpepleiar ved Valen sjukehus.
Omtale fra forlaget
Kvardagsnært alvor og svimlande overdrivingar i eit overflodshorn av ei novellesamling Ein gammal Volvo Amazon køyrer inn og ut av fleire av novellene i denne samlinga, og knyter saman menneske som på ulike vis strevar med å meistre liva sine. Her er gutar på plommeslang og halvgamle menn på bluesfestival, her er kjærleikssvik og kvinner som vaktar sine hemmelege liv. Men som hundar i mørkret stikk andre og viltrare tekstar seg fram og skaper spenn mellom det kvardagsnære og det burleske. Den forbløffande sjølvbiografien til vår fremste politikar dukkar opp, ført i pennen av ein hjelpepleiar ved Valen sjukehus, og her er oppskrifta på stell av både lik og levande menn. Hundar i mørkret er eit overflodshorn av ei novellesamling, skriven av ein forfattar som kan kunsten å kombinere vill humor og det djupaste alvor på ein måte han er åleine om i den norske bokheimen.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2003
Format Innbundet
ISBN13 9788205323056
EAN 9788205323056
Språk Nynorsk
Sider 207
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket