Omtale fra forlaget
Gjennom bileta sine dokumenterte fotograf Andreas Berge (1886-1960) kvardagslivet i Herøy kommune på Sunnmøre gjennom ein periode med rivande utvikling. I 1905 lånte han pengar til å kjøpe kamera, to år seinare starta han fotoverksemda si, og han var aktiv fotograf til ut på 1950-talet.
Denne boka viser bilete frå landbruk og fiskeri, fiskeindustri og tidleg skipsbygging, handel og næringsliv, bustadbygging og byutvikling, særleg i Fosnavåg. Og her er bilete frå alle livets fasar, frå fødsel til død, konfirmasjon og bryllaup, kvardag og fest. Når fiskarar og småbrukarar i starten vegra seg mot å oppsøke atelieret, tok fotografen med seg apparatet rundt om i Herøy, og i eigen båt ut på fiskefeltet.
Med sine mange tusen bilete er samlinga etter fotograf A. Berge ein kulturskatt for folket i Herøy.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788282401296
EAN 9788282401296
Omtalt tid 1900-1945 Etterkrigstiden
Omtalt person Andreas A. Berge
Språk Nynorsk
Sider 176
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket