Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Samlinga inneheld dikt der identitet, landskap og tid er sentrale motiv. Tittelen på boka peikar både mot det nære landskapet og mot våre grenser for opplevingar, men også mot noko som ligg utanfor det vi umiddelbart sansar.
Omtale fra forlaget
Boka er Finn Egil Eide si fjerde diktsamling sidan debuten med STREIF i 1987. Han har elles vore bidragsytar i fleire andre diktbøker - både med eigne tekstar og med illustrasjonar. Med HORISONTAR tek Eide eit stort steg vidare i si litterære utvikling - samtidig som han held fast i tema og motiv vi kjenner frå tidlegare. Samlinga er sett saman av 53 dikt, delt i 9 bolkar. Identitet, landskap og tid er tre viktige motiv som vert repeterte og spelte ut mot kvarandre i Eide særmerkte veksling mellom konkrete sansingar og filosofiske refleksjonar. Tittelen, "Horisontar" peikar både mot det nære landskapet og mot grenser for opplevingane våre - men også mot noko som er bortanfor, utanfor det vi umiddelbart sansar. Undringa er såleis eit berande element i Eides dikt. Horisontar er ei samansett, mangfaldig tekst-samling. Eide lukkast godt i å sameine mangfaldet gjennom ein særprega bildespråk, i eit spenn mellom konkrete landskap og samtid - og eksistensielle og mytiske innslag. Med denne samlinga har Finn Egil Eide plassert seg som ein sentral forfattar i den nyare litteraturen i Sogn og Fjordane.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788279591122
EAN 9788279591122
Språk Nynorsk
Sider 67
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket