Omtale fra forlaget
Kvifor og korleis har ulike variantar av balladar utvikla seg til eit slikt mangfald av variasjonar over tid og rom som dei har i ulike nordiske miljø? Kva seier måten dei framstiller kvinna om det miljøet dei sprang ut frå?
Variantane kan vere skrivne ned med fleire hundre års mellomrom, av unge adelsmenn og ikkje minst adelskvinner i Danmark på 1500-1600-talet, av prestar på Island på 1600-talet, av folkeminnesamlarar i alle dei nordiske landa på 1800-talet. Dei balladane vi har i dag, kjem til oss som eit mangstemt kor, der vi i alle fall delvis kan skilje mellom stemmene til den opphavlege diktaren og stemmene til tradisjonsberarane som har sunge gjennom hundreåra. Såleis har den munnleg overførte balladen tatt opp i seg trekk frå ulike tider. Der tradisjonsstoffet har gjeve gjenklang i miljøet, har truleg også drag frå gamal, opphavleg ideologi blitt ståande.
Forlag Scandinavian Academic Press
Utgivelsesår 2020
Format Heftet
ISBN13 9788230402832
EAN 9788230402832
Serie Norsk folkeminnelags skrifter (175)
Språk Nynorsk
Sider 247
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket