Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Denne boka fortel om krigen i Noreg gjennom skjebnane til ei rekkje einskildpersonar. Ein elev frå Trondheim sit fengsla i kjellaren på gymnaset i Volda. I etasjen over har klassen hans undervisning. Ingen av dei veit at ungguten skal sendast til Auschwitz. Ein tysk soldat blir skoten like ved grensa til Sverige. Mannen som trekte av var ein sjømann frå Bergen som var leiar for ei gruppe sabotørar på flukt. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Spennande historisk dokumentar om 2. verdskrig i Noreg . Historia om krigen i Noreg fortalt gjennom skjebnane til ei rekkje einskildpersonar. Forfattaren viser korleis historiene til Shetlands-Larsen, Martin Linge, Jan Baalsrud og mange fleire grip inn i kvarandre i ei stor forteljing om krigen. Ei historie om korleis vanlege folk blei trekte inn i krigshandlingane, og dei skjebnesvangre vala dei måtte ta. Somme ville slåst mot overmakta og gjekk inn i motstandskampen. Andre såg eit høve til å kome seg opp og fram i livet. Og alle vart dei merkte for livet. Boka byggjer på eit omfattande kjeldearbeid og intervju med mange informantar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2009
Format Innbundet
ISBN13 9788252173239
EAN 9788252173239
Omtalt tid 1939-1945
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 282
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket7 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket