Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka er ei reise gjennom Sogn og Fjordane i tekst og bilete. Dei to forfattarane skildrar kultur, landskap, menneske og miljø i sitt eige heimfylke. Dei er opptatt av historiene frå periferien: Møtet med Oddny Sandøy som bur aleine på ei øy i Bulandet, fotballkampen mellom to lag i fjerde divisjon, 17. mai-feiring i Gjesdal, og møtet med Fusakongen, alias kunstnaren Morten Holmefjord.
Omtale fra forlaget
"Ein stad er ikkje berre ei fysisk form. Ein stad er alle dei forteljingane som heftar ved han," seier kunstnar Morten Holmefjord, alias Fusakongen. Fotograf Oddleiv Apneseth og journalist Katrine Sele bur på kvar si side av Jølstravatnet. Gjennom to år har dei reist rundt i sitt eige heimfylke, Sogn og Fjordane, for å skildre menneska, miljøa, landskapet og kulturen der med sine eigne, farga blikk. Dei har møtt moteskaparar i Stryn, cowboyar på Breim, geitebønder i Undredal og ein kinesisk nakenhund frå Førde. Dei har vore på den ytste øya i Bulandet, der ei dame bur heilt åleine med katten sin. Heile vegen har dei interessert seg for livet i ytterkantane: historiene som sjeldan blir fortalde.
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 2006
Format Innbundet
ISBN13 9788291722696
EAN 9788291722696
Omtalt tid 2000-2009
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Språk Nynorsk
Sider 175
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket