Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Arbeidsboka knytter sammen de tre studieretningsfagene og de sju modulene på grunnkurset i studieretningen helse- og sosialfag. Bak i boka er alle mål og hovedmomenter i læreplanen for fagene gjengitt.
Omtale fra forlaget
HELSE- OG SOSIALFAGSERIEN
Aschehoug forlag har lærebøker som dekkjer alle tre studieretningsfaga på grunnkurset i studieretninga helse- og sosialfag. I tillegg til fem lærebøker har bokserien ei arbeidsbok som knyter saman dei tre studieretningsfaga humanbiologi, helsefag og sosialfag. Bokserien har også ein ressursperm med transparentar, kopieringsoriginalar, undervisningsopplegg, tips og råd. Kvar bok i serien inneheld oppgåver og øvingar og står derfor på eigne bein. Studieretningsfaga er delte opp i sju modular som blir dekte av bøkene på denne måten:
HumanbiologiHumanbiologi - modul 1
HelsefagbokaHelsefag - modul 2 og 4
KostlærebokaHelsefag - modul 3
FørstehjelpsbokaHelsefag - modul 5
SosialfagbokaSosialfag - modul 6 og 7
ARBEIDSBOKA
IT-boka
Ressurspermen
Kostnøkkelen, foldar
Kostnøkkelen, plakat
ARBEIDSBOKAArbeidsboka knyter saman dei tre studieretningsfaga og dei sju modulane på grunnkurset i studieretninga helse- og sosialfag. Boka er delt i tre delar:
Del 1 Frå læreplan til eksamen gir ein presentasjon av kva som skal lærast, og korleis læring går føre seg. Delen blir avslutta med eit kapittel om vurdering og eksamen.
Del 2 Arbeidsmåtar gir ein presentasjon av nokre arbeidsmåtar som elevane vil ha god nytte av i arbeidet med studieretningsfaga. Vi har lagt vekt på å gjøre framstillinga oversiktleg og enkel slik at ho kan fungere som eit praktisk verkty for elevane i arbeidet med å løyse oppgåver. Det siste kapitlet, Arbeid med tverrfaglege oppgåver, er også ei førebuing til eksamen.
Del 3 Oppgåver inneheld utfyllingsoppgåver til alle kapitla i bøkene. Desse oppgåvene følgjer strukturen i kvar av lærebøkene.
Bak i boka står alle måla og hovudmomenta i læreplanen for studieretningsfaga.
FORFATTARANE AV ARBEIDSBOKAAstrid CarlsonCand.scient. med hovudfag i biologi. Lektor ved Røyken videregående skole. Også forfattar av Humanbiologi.
Svein Olav DrangeidCand.real. med hovudfag i biologi. Lektor ved Røyken videregående skole. Også forfattar av Humanbiologi.
Liv GuldalLektor med hovudfag i yrkespedagogikk. Underviser ved Re videregående skole i Vestfold. Også forfattar av Førstehjelpsboka, Helsefagboka og Sosialfagboka.
Ellen KolkindFaglærar i husstell/heimkunnskap, lektor ved Charlottenlund videregående skole i Tronheim. Også forfattar av Kostlæreboka.
Truls LindCand.real. med hovudfag i kjemi. Lektor ved Røyken videregående skole. Også forfattar av Humanbiologi.
Elin Bjørge LøkenFaglærar i husstell/heimkunnskap, universitetslektor ved universitetet i Oslo. Også forfattar av Kostlæreboka.
Anne TveitCand.polit. med hovudfag i helsefag. Underviser ved Tiller videregående skole i Trondheim. Også forfattar av Førstehjelpsboka, Helsefagboka og Sosialfagboka.
Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 2000
Format Heftet
ISBN13 9788203325274
EAN 9788203325274
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 3
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket