Omtale fra forlaget
Denne boka handlar om korleis helgelandslandskapet er framstilt litterært gjennom 200 år. Det konkrete landskapet har endra seg på mange måtar, ikkje minst som resultat av industrialiseringa. Vår måte å oppfatte og lese landskapet på har òg endra seg, og det er dette som er hovudtema for denne boka. Tekstane som blir presenterte her, viser ulike aspekt ved landskapet og eksemplifiserer ulike forståingar av samspelet mellom landskap og menneske. Er landskapet til for menneskeleg utnytting? Skal vi juble over eller gråte over dei endringane som modernisering av landbruk og fiske fører med seg? Kva har størst verdi: den frittrennande fossen eller fossen som er sett i arbeid og lagar elektrisitet? Lesingane av desse til dels lite kjende tekstane viser korleis natur og kultur er uløyseleg samanvove, og at landskap og natur alltid òg er sett gjennom nokre bestemte kulturelle. briller.
Hallvard Kjelen er førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Nord universitet, Nesna.
Forlag Orkana akademisk
Utgivelsesår 2022
Format Innbundet
ISBN13 9788281044890
EAN 9788281044890
Språk Nynorsk
Sider 173
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket